Fugl, utskoren i tre, grønfink

Fugl, utskoren i tre, grønfink, ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg.

NOK210,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Grønfink, Carduelis chloris, er grøngul og med eit kjegleforma, kraftig nebb som kjenneteiknar frøetarar. Hoa er meir grå enn grøngul, og er svakt streka på ryggen. Begge kjønn har gule vingebremmar, og stjerten som har tydeleg kløft, er gul inst på kvar side, begge karakterer tydelegare hos hannar.

Grønnfinken hekkar i heile Europa til nordvestlege Afrika og Vest-Asia; hos oss i låglandet frå Sørlandet til Troms, i Sør-Noreg også relativt vanleg opp mot skoggrensa. Reir i einerbuskar eller større tre. 5–6 egg, rugetid i 13–14 døger, og ungane flyg ut etter 14 dagar.

Stand- og streiffugl, men ein del trekkjer ut av landet om hausten. Svært vanleg gjest på fuglebrett og  fôringsautomatar med solsikkefrø.

 

Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 14 x 5 x 10 cm   - levande er han omlag 15 cm lang og veg 80-95 gram.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.